Reglement

Overordnet reglement

Lenke: Forskrift om ordensreglement

Lenke til opplæringslova

Lokale retningslinjer Byremo ungdomsskole

Ordensreglement

Utdrag frå ordensreglement

Datakontrakt

Nettvettreglar

1. Ver ærleg og høfleg.
Gjer ditt for at Internett skal bli ein god stad å vere.
Svar aldri på frekk, grov eller uanstendig E-post eller post. På Internettet kan du kome i kontakt med alle typar menneske, nokon er egoistiske. Hugs at det er svært vanskeleg å vite alderen på personen du treff på nettet. Sei alltid frå til føresette eller lærar om du kjem over ekkelt eller grovt språk eller bilete.

2. Tenk over kva du skriv.
Ein sleivete kommentar kan gjere mykje skade, og meldingane dine kan lesast av mange fleire enn du trur. Nedsetjande kommentarar om andre kan få katastrofale følgjer, ikkje berre for den som vert utsett for det, men og for den som kjem med kommentarane. Skriftlege meldingar virkar ofte sterkare enn munnlege.

3. Vis respekt for andre.
Vis respekt for andre sitt livssyn, nasjonalitet og rase. Du må gjerne fremje meiningane dine, men du må samtidig akseptere at mange vil vere ueinige med deg.

4. Ikkje gje andre opplysningar om deg sjølv.
Fortel aldri nokon du treff på Internett kvar du bur, telefonnummer ditt eller namnet på skulen din, med mindre foreldra dine eller læraren gjev løyve. Ikkje send bilete av deg sjølv, nummeret på kredittkortet, andre
opplysningar... Avtal aldri å møte nokon som du har treft på Internett, utan godkjenning frå foreldre eller lærar. Spør ein vaksen om å vere med på det første møtet som bør skje på ein offentleg stad.

5. Vis respekt for lovverk.
Vis respekt for lovverk i eige land og i land du kontaktar. Ikkje prøv "å bryte deg inn"(hacking) på noe datasystem. Det er straffbart i dei fleste land. Ikkje sprei datavirus. Du kan bli halden ansvarleg for konsekvensane.

6. Vis respekt for andre sitt åndsverk.
Vis respekt for andre sitt åndsverk, anten det dreier seg om bilete, lyd, tekst eller dataprogram. Bilete, tekster, videoklipp eller dataprogram på nettet kan vere underlagt kopirestriksjonar. Sjekk alltid om det finst
kopirettar på materiale du vidaresender eller nyttar i eigne arbeid. Er du i tvil, spør der kor du henta materialet.

7. Ikkje sprei ulovleg materiale.
Ikkje sprei pornografisk, valdelig, rasistisk eller blasfemisk materiale. Slikt materiale utløyser sterke kjensler hos enkelte menneske. Du risikerer reaksjonar mot deg som person, og du risikerer å gjere deg skuldig i lovbrot som kan føre til tiltale og straff.

8. Meld frå om ulovlegheiter.
Meld frå dersom du kjem over klart ulovlege ting, anten det dreier seg om ulovleg materiale, brot på kopirettar eller "hacking".

9. Ver kritisk til informasjon du finn på nettet.
Det er ingen kontroll på kven som legg ut informasjon på nettet. Du er sjølv ansvarleg for å vurdere kjelda. Hugs at om nokon gjev deg eit tilbod som verkar for godt til å vere sant - så er det sannsynlegvis det.

10. Passordet er ditt.
Gje det aldri til nokon, sjølv ikkje til den beste venen din.

Sist endret: 10.08.2022