Skulemiljø og helse

Melding om skolemiljø - ordensreglement - plan for elevenes skolemiljø
Melding om skolemiljø - ordensreglement - plan for elevenes skolemiljø

MELD FRÅ OM SKULEMILJØ HER

Skulemiljø

“Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.” Dette følgjer av opplæringslova § 9a-1. 

Plan for elevanes skulemiljø

Udir om skulemiljø

Elevundersøkinga

Skulehelseteneste

Skolehelsetjenesten er til stede på alle barneskoler, ungdomsskoler og videregående skoler i kommunen. Skolehelsetjenesten tilbyr råd og veiledning knyttet til fysisk og psykisk helse, seksualitet, samlivsbrudd hos foreldre, med mer.

Andre tjenester:

  • Hjelpe barn og unge med å ta vare på egen helse og klare de utfordringer som hverdagen gir.
  • I samarbeid med elever, foreldre og lærere synliggjøre faktorer i skolemiljøet som har betydning for helse og trivsel.
  • Delta i tverrfaglige team på skolen.
  • Vurdere forhold hos elever som krever oppfølging, henvisning eller behandling, individuelt eller i grupper.

Elevene kan droppe innom skolehelsetjenesten, ringe selv for avtale, eller foreldre / foresatte kan ringe og gjøre en avtale.

Skulehelsetenesten på Byremo ungdomsskule

Heslesjukepleiaren er på skulen måndag og fredag kl. 08.20-15.10

Rådgjevar

Rådgjevar på Byremo ungdomsskole er Monica Håland.

Informasjon frå rådgjevar

Er du i tvil om kursen? 
Det er du ikkje åleine om.
Med alle dei moglegheitene som finst er dette ein heilt vanleg reaksjon som mange opplev når dei skal velje yrke eller søkje på skule.
 
 
Stopp opp og tenk!
Det er berre du som skal ta valet. Valet skjer ikkje av seg sjølv eller over natta. Det krev at du tek deg tid, les på nettet om yrke og skulemoglegheiter, sjekkar lønsforhold, snakkar med vener, foreldre, naboar, arbeidsgjevarar, tenkjer, leter og diskuterer med andre.
 
 
Utgangspunktet ditt:
Det du likar å gjere og det du er flink til!
 
Utdanning og yrkesval er eit spørsmål om interesser og ferdigheiter. Det du likar å gjere og er flink til, vil vere viktig for kva slags type arbeid du vil like og trivst med. Det kan vere godt å ta utgangspunkt i favorittfaget ditt på skulen og kva du elles likar å gjere på fritida. Tenk over kva du har opplevd, kva du likar og ikkje likar.
 
 
Bruk vaksne i omgangskretsen din!
Bruk onklar, tanter, foreldre, besteforeldre og andre vaksne, spør om yrka deira og om vegen dit. Ta kontakt med dei som har ei utdanning eller eit yrke du er nysgjerrig på. Det er ikkje farleg å ringje til ein bedrift eller folk du ikkje kjenner frå før. Som regel er folk hyggelege, og dei fleste likar å snakke om seg sjølv og jobben sin.
 
 
Uvillige haldningar
Ver kritisk til utbreidde oppfatningar av eit yrke. Det er slett ikkje sikkert at desse stemmer. Det er trass alt betre å følgje eigne lystar enn å la seg presse inn i eit spor som alle andre følgjar. Det er mange du blir påverka av; næraste familie, kva venene dine vel, rådgjevarar eller andre vaksne. Derfor er det viktig å finne ut av kva du sjølv vil. Ver kritisk, men ikkje negativ til alle som har ei meining om kva du bør gjere.
 
 
Ta valet på alvor, men ikkje for alvorleg.
Ver klar over at dei vala du tek ikkje nødvendigvis er endelege eller avgjerande for kva du skal gjere resten av livet. Alt du prøver ut gjennom skole og jobb er verdifullt, fordi du blir sikrare på kva du vil. I dag snakkar ein om at arbeidsmarknaden i framtida vil krevje at ein utdannar seg fleire gonger i løpet av ein yrkeskarriere. Samstundes blir det sagt at det at mange arbeidsgjevarar legg vekt på, er at du har brei erfaring, og at dei blir interessert i deg fordi du skil deg litt ut. Derfor skal du heller ikkje bli redd for å velje no, for du kan byggje på det du har lært, med ny utdanning eller kurs. Du bør følgje gløden, magekjensla og det som motiverer deg mest. Det er oftast det du kan gjere det best i. Tenk også litt over kva du ville gjort viss du ikkje var avhengig av løn. Det viktigaste akkurat no, er at du begynner ein prosess der målet er å kome fram til kva du vil gjere i framtida eller neste år.
 
 
Med helsing
Rådgjevar

 

Sosiallærare

Monica Håland og Ole Stulien er sosiallærare ved Byremo ungdomsskole.

Informasjon frå sosiallærarane

Lurer du på kva en sosiallærer  gjer på skulen?
Ein sosiallærar  er ein ansatt ved skulen som arbeidar med elevane sitt  sosiale miljø og trivsel. Vi er der for å passe på at alle har det fint, og ønskjer å arbeide med  tiltak som auker trivselen til elevane. I tillegg ønskjer vi å vere tilgjengelege for elevar som ønskjer å prate om vanskelege ting. 

Dersom du ønskjer å prate med ein vaksenperson om noko du lurer på, kan det vere ein god idé å snakke med sosiallæraren. Det er likevel slik at du burde snakke med den du stoler mest på, anten dette er kontaktlærar, helsesjukepleier  eller sosiallærar.

Velkomen til oss!

Råd til deg som vert mobba.docx

 

...

 

Sist endret: 02.10.2020