Ei rådgjevande målrøystinga onsdag 17. mars 2021 synte eit klart fleirtal for framleis nynorsk målform ved Byremo barneskule.
Av til saman 359 røyster, var det 231 som røysta for å behalde nynorsk som målform ved skulen, medan 127 røysta for bokmål. Det vil seie eit fleirtal på gode 64 prosent. Ein hadde røysta blankt.
Oppslutninga for den rådgjevande målrøystinga var på 62 prosent. Totalt var det 580 personar som kunne delta i denne målrøystinga. 214 hadde førehandsrøysta.
Lyngdal kommunestyre tok den endelege avgjerda i denne saka. Det skjedde i møtet 20. mai 2021. Opptaket av sakshandsaminga kan du sjå via lenka under. Vedtaket om målform ved Byremo barneskule gjaldt for dei neste fem åra.