Nynorsk leseglede i Byremo barnehage

Byremo barnehage har fått eit tøyveskebibliotek med 25 barnebøker i gåve frå mållaget. No kan borna og familiane deira låne med seg bokveskene heim og få gode leseopplevingar på nynorsk.

Byremo barnehage har fått eit tøyveskebibliotek med 25 barnebøker i gåve frå mållaget. No kan borna og familiane deira låne med seg bokveskene heim og få gode leseopplevingar på nynorsk.

Noregs Mållag inviterte i sommar barnehagar over heile landet til å søkje om å få tøyveskebibliotek. Den opprinnelege planen var å dele ut bibliotek til ti barnehagar, men interessa var så stor at fleire fekk ta del i ordninga. Byremo barnehage er éin av tre barnehagar på Agder som no har fått eit slikt nynorsk tøyveskebibliotek frå mållaget. Dei to andre er Bygland barnehage i Setesdal og Fjotland barnehage i Kvinesdal kommune.

Biblioteket består av fem tøyvesker med fem ulike nynorske barnebøker i kvar veske. Måndag 16. november fekk Byremo barnehage overrekt det nye tøyveskebiblioteket frå Noregs Mållag.

Det var Nora Tangen Aarskog frå Mållaga på Agder som stod for overrekkinga. Det gjorde ho saman med Ove Haaland frå Grindheim Mållag. Under besøket las Nora frå boka «Pølsetjuven» for førskuleborna. Noko som blei svært godt motteke.

Bilde fra lesestund i barnehagen
Førskuleborna lytta då Nora Tangen Aarskog las høgt frå boka «Pølsetjuven». Foto: Silje Sølvskar

Tøyveskene med bøker er no plasserte i biblioteket i barnehagen. Alle foreldre og føresette kan låne ei veske og ta bøkene med seg heim.

No håpar Byremo barnehage at mange familiar vil nytte seg av tilbodet og skape gode lesestunder saman.

Bilde fra lesestund i barnehagen
Ove Haaland frå Grindheim Mållag deltok både i overrekkinga av tøyveskebiblioteka og i påfølgande lesestund. Foto: Silje Sølvskar

Målet med ordninga er å gjere nynorske barnebøker lettare tilgjengelege både i barnehagen og heime. Når born får høyre nynorsk gjennom høgtlesing, blir dei kjende med ord, uttrykk og språkrytme. Det kan gje eit godt grunnlag for den vidare språkopplæringa.

Nora Tangen Aarskog vonar den personlege overrekkinga av tøyveskene vil gjere at dei utvalde barnehagane skal kjenne på eit litt ekstra ansvar for den gåva dei nå har fått.

– I tillegg ville me i samtale med barnehagen få fram kor viktig det er å ha barnebøker på nynorsk i barnehagen, og i heimane. Då særleg i område der det er nynorsk i skulen, som her på Byremo. Og kor viktig det er å lese nynorsk høgt for borna. Ungane lyttar til språket, og å høyra nynorsk kan gjere det lettare med språkopplæringa seinare, seier Nora Tangen Aarskog frå Mållaga på Agder.

IMG_1284.jpeg
Tøyveskebiblioteket består av fem vesker med fem nynorske barnebøker i kvar. Veskene kan lånast med heim av foreldre og føresette i barnehagen. Foto: Silje Sølvskar

 

Sist endret: 18.11.2026