På Spangereid må du under vatn for å oppleve Under. Det var nok òg mange som tenkte at dei tok seg vatn over hovudet, dei lokale eldsjelene som planla Byremo Scene og bygderom. Men dei klarte å skape sitt eige lille under. Tysdag 24. mars inviterte kommunen alle frivillige lag og foreiningar i Lyngdal til inspirasjonskveld under den nye butikken på Byremo.
Det var fullt hus på Byremo Scene denne tysdagskvelden, og mange av dei frammøtte gjorde store auge då dei entra det nye lokale kulturhuset og fekk sjå kva utallige dugnadstimar og frivillig innsats har resultert i. Det som starta som ein litt vill idé, er blitt eit levande lokalt kultursenter. Byremo Scene er skapt gjennom eit heilt unikt samarbeid mellom frivilligheita, Musikkverkstaden på Byremo, lokalt næringsliv, elevar ved Byremo vidaregåande skule og andre offentlege bidrag.
– Menneske som bruker si eiga fritid på frivillig arbeid, bruker tida si til glede og nytte for andre. Byremo Scene er eit av dei beste døma på kva frivillig arbeid kan resultere i. Her er det lagt ned tusenvis av dugnadstimar. Som ordførar har det vore ei lære for meg å sjå kor omfattande det frivillige arbeidet er i heile Lyngdal. Det er ein av grunnpillarane i kommunen vår, sa ordførar Unni Nilsen Husøy då ho frå scena ønskte velkommen til denne andre inspirasjonskvelden i rekka for lokale lag og foreiningar.
Etter at ordførar Unni Nilsen Husøy hadde ønskt velkommen, fortalde prosjektleiar og dugnadsgeneral for Byremo Scene, Øystein Lauen, historia bak denne formidable lokale satsinga.
Les meir om Byremo Scene her:
Lenke: Mulighetsrom blir bygderom
Arthur hylla frivilligheiten
I fjor var inspirasjonskvelden lagt til Lyngdal kulturhus, med Zlatko Tripić som trekkplaster. I år gjekk altså turen til Byremo Scene, og heidersgjest denne gongen var Byremos nye store country-stjerne, Arthur Stulien. Den første store var jo, som alle veit, sjølvaste Bjøro Håland, som er tiltenkt sitt eige museum i lokala over Byremo Scene. Men denne kvelden var fokuset på Arthur.
Med ein fin kombinasjon av eigne låtar og eiga historie tok han dei frammøtte med på reisa si som artist, med vekt på kva dugnadsånd og frivillig innsats har betydd for han. Frå det han kalla «måkeskrik» på Byremoheimen, der ein pur ung Arthur Stulien debuterte, til andre lokale scener han har stått på og arrangement han har delteke på – hadde ingenting skjedd utan at det sto frivillige bak. Han hylla alle dei som vel å rekke handa i veret og som tek på seg oppgåver i lag og foreiningar, som stiller opp på dugnader, som vil vere trenarar, som står på sidelina og heiar, som står i kiosken, som køyrer sine håpefulle fram og tilbake på treningar og kampar, UKM, konsertar og andre arrangement.
– For min del har det vore med å gje meg moglegheiter og å byggje den sjølvtilliten eg trong for å satse på ei karriere innan musikk, stå på større scener og delta i TV-program som The Voice. Det har vore heilt uvurderleg. Valutakursen for frivilligheiten er ikkje pengar, men tid, og for meg har frivillig arbeid vore ein av grunnsteinane for det eg har fått til, sa han mellom anna.
I tillegg til å framføre fleire eigne låtar, fekk publikum denne kvelden òg oppleve Arthur saman med kusina Synnøve Stulien Lauen, som har vore med i denne sesongen av The Voice. Synnøve er elles dagleg leiar for Byremo Scene, og var den som opna den musikalske kvelden med å framføre to eigenkomponerte låtar på piano, før ho hoppa tilbake i rolla som dagleg leiar og medarrangør.
Ein fast årleg møteplass
Dei som inviterte til denne inspirasjonskvelden var ordføraren saman med kultureininga og frivilligsentralane.
Leiar for frivilligsentralane i Lyngdal, Jorunn Flottorp, presenterte hovudpunkta i den nye frivilligstrategien for Lyngdal kommune, der mellom anna ein slik fast årleg møteplass er ein del av handlingsplanen.
– Håpet vårt er at ein slik dag som denne skal gje nye innspel og idear til strategiplanen og opne for nye samarbeid, sa ho mellom anna.
Frivilligstrategien kan du lese meir om her:
Lenke: Frivillighetsstrategi 2026–2027
Camilla Kvås, òg ho frå Frivilligsentralen, presenterte kommunen sitt lag- og foreiningsregister, og la ikkje skjul på at denne foreiningsportalen har stort potensial for auka bruk og oppdateringar. Lenka under tek deg vidare til foreiningsportalen:
Lenke: Foreiningsportal og aktivitetskalender
- Dersom foreininga di enno ikkje er registrert der, er det ingen grunn til å nøle. Her er lenka til registreringsskjemaet:
Lenke: Registreringsskjema foreiningsportal
Nettopp foreiningsportalen var også utgangspunktet for gruppearbeidet som avrunda den faglege delen av programmet. Kveldens konferansier, Ronny Bjørnevåg, utfordra dei frammøtte til å kome med innspel på korleis ein kan få til auka bruk av foreiningsportalen, og korleis ein kan få meir samarbeid på tvers av det lokale foreiningslivet. Innspela blei samla inn saman med ei evaluering av kvelden.
Frå Agder fylkeskommune kom Jonas Ravn Øhlckers, rådgjevar for kultur, idrett og frivilligheit, som informerte om fylkeskommunale tilskotsordningar, og i tillegg gav mange nyttige råd om korleis ein skriv gode søknader.
I pausen blei det servert pizza og ein lokal mattradisjon frå Grindheim kalla «kleinde lefser» – ein smakfull kombinasjon av potetlefse og pannekake.
Inspirasjonskvelden blei avslutta med trekking av tre pengepremiar à 3000 kroner blant dei frammøtte foreiningane. Dei som var så heldige å bli trekte ut, var Grindheim mållag, Livsglede for eldre Lyngdal og Sound of Happiness.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om kommunen sin frivilligstrategi, om foreiningsportalen eller noko anna knytt til arrangementet, kan du kontakte Jorunn Flottorp i Frivilligsentralen.
Jorunn Flottorp, leder frivilligsentralene