Lyngdal kommune skal legge til rette for fleire attraktive bustadtomter på Byremo (bildet). Det var eitt av fleire vedtak Lyngdal kommunestyre gjorde i budsjettmøtet 12. desember.
Torsdag 12. desember 2024 sluttbehandla Lyngdal kommunestyre årsbudsjett 2025 og økonomiplan for perioden 2025 til 2028.
Via knappelenka under finn du vedtatt årsbudsjett og økonomiplan.
Lenke: Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028
Noko av det kommunestyret vedtok
Kommunestyret vedtok kommunedirektøren sitt forslag til årsbudsjett 2025 med følgande endringar:
DRIFT
- Midlar til utstyr praktiske fag kr 300.000. Ein eingongssum meint for å styrke praksisfaga slik at desse kan få eit løft og samtidig gjennomførast betre. Midla fordelast med likt beløp til kvar barneskule, og disponerast til føremålet ved den einskilde skulen.
- I 2024 blei det vedteke kr 150.000 i årleg tilskott til Byremo kulturscene. Dette blei endra til eit eingongstilskott på kr 1,5 mill for 2025.
- Tilskott til turstier kr 100.000.
- Tilskott til trial/crossbane kr 400.000.
- Tilskott til LyngdalBy kr 250.000.
- Tilskott til Ingerstiftelsen kr 200.000.
- Tilskott til Barnas stasjon kr 300.000.
INVESTERING
- Nytt tak på Bergeheim i 2025, kr 1 mill inkl mva. Finansierast med overføring frå drift
ANNA
- Kommunestyret vedtok at formannskapet fram mot strategikonferansen i april 2025 skal arbeide med kostnadsreduksjonar, eventuelt auke inntektene, for perioden 2026-2028. Det er ein føresetnad at dei ulike råda og politike hovudutvala blir involerte i denne prosessen. Kommunedirektøren skal lage ein framdriftsplan for arbeidet til første formannskapsmøtet i 2025.
- Kommunestyret vedtok å ta opp Startlån i Husbanken på kr 20 millionar for vidare utlån.
- Eigedomsskatt på 7 promille blir skriven ut på kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.
- Lyngdal kommunestyre fann ikkje rom for å legge inn ny idrettshall i budsjettet, då kommunen sin økonomi er krevjande og dei folkevalde ser at driftskostnadene må reduserast i åra som kjem. Men Lyngdal kommunestyre vonar Lyngdal idrettsråd, i samarbeid med idrettslaga i kommunen, held fram det gode arbeidet og tenker kreativt om finansiering av idrettshall. Lyngdal kommune vil gjerne bistå i denne prosessen. Målet på sikt er at dette arbeidet skal lykkast og at ein ny hall skal kunne realiserast.
- Lyngdal kommunestyre ser behovet for fleire attraktive bustadtomter på Byremo, for å skape vekst og tilflytting. På bakgrunn av dette ber kommunestyret administrasjonen om å utarbeide ein oversikt over byggeklare tomter og områder som er ferdig regulert til bustadføremål på Byremo. Administrasjonen skal også lage eit forslag på korleis kommunen framover kan få frigitt fleire tomteområder, og kva for økonomiske konsekvensar dette vil ha. Denne saka skal leggast fram for formannskapet på nyåret.
- Lyngdal kommunestyre ser behovet for auka grunnbemanning i barnehagane, men med den økonomiske situasjonen kommunen er i blir det vanskeleg. Kommunestyret ber derfor administrasjonen på sikt vurdere om det er endringar/omorganiseringar som kan gjerast innan Oppvekst og kultur som kan frigi meir midlar til grunnbemanning i barnehagane i Lyngdal kommune. Dette må sjølvsagt også ses opp mot det totale bildet av kommuneøkonomien, og kva for behov som er størst.
Budsjettmøtet i kommunestyret torsdag 12. desember kan du sjå i opptak på Kommune-TV via lenka under: