Fleirtal for nynorsk på Byremo

Den rådgjevande målrøystinga onsdag 17. mars syner eit klart fleirtal for framleis nynorsk målform ved Byremo barneskule.
Den rådgjevande målrøystinga onsdag 17. mars syner eit klart fleirtal for framleis nynorsk målform ved Byremo barneskule.

Av til saman 359 røyster, var det 231 som røysta for å behalde nynorsk som målform ved skulen, medan 127 røysta for bokmål. Det vil seie eit fleirtal på gode 64 prosent. Ein hadde røysta blankt.

Oppslutninga for den rådgjevande målrøystinga var på 62 prosent. Totalt var det 580 personar som kunne delta i denne målrøystinga. 214 hadde førehandsrøysta.

Det er Lyngdal kommunestyre som tek den endelege avgjerda i målsaka. Noko som venteleg skjer i mai-møtet.

DSC_7022 Byremo barneskule.jpg
Det blei fleirtal for å behalde nynorsk som målform ved Byremo barneskule. Foto: Ole Aa. Brattfjord

Sist endret: 19.03.2021