Å få vekse i god jord

Historien om Byremo barneskules kjøkkenhageprosjekt. Tekst av Åse Iren Vasland.

Når du stikk spaden ned i god matjord, treng du ikkje å grave langt etter kunnskap. Eit yrande liv vil velte ut med den brune molda. Vi legg først merke til dei større dyra som rører på seg, men dei er berre byrjinga. Dei er ikkje aleine der nede. Ulike organismar har ulike arbeidsoppgåver. Med litt eigeninnsats kan vi hauste mykje godt frå jorda. På ein skule, og i ei lita bygd, er det litt på same måten. Nokre er meir synlege enn andre, men mange bidreg med både smått og stort, slik at vi får til mykje bra i saman, til glede for mange.

Britt Dalan, lærar ved Byremo barneskule, har lenge snakka om og ønska seg ein kjøkkenhage på skulen. I samband med vidareutdanninga hennar i naturfag dette skuleåret, har ho blant anna arbeidd med temaet berekraft. Her fekk ho ytterlegare motivasjon for å dra i gong eit prosjekt. Ho har teikna og planlagt, søkt om midlar til gjennomføring og tatt både spade, sag og drill i hendene – alt i saman med elevane. Matjord blei gitt i gåve av Alf Arild Stulien. Både Drømmehagen, bygdekvinnelaget, hagelaget og helselaget i Grindheim har gitt støtte til innkjøp av plantar og anna. Valand Islandshest har bidratt i prosjektet med eit hengarlass med hestemøkk. I mindre grupper har elevane vore med på å hente og spa både jord og gjødsel. Dei har sett opp gjerde langs kantane. Poteter er sett. Frø er sådd og plantar er dyrka fram i vindaugskarmane i klasserommet før dei fekk sin plass i kjøkkenhagen. Elevane har samla fleire meitemarkar som skal få jobbe i jorda. Vi ser at det gror. Til hausten skal elevane få bruke det som er dyrka i mat og helse. Dei får altså følgje noko av maten frå jord til bord.

Samstundes var borna på SFO og SFO-leiar, Eli Kristin Tveiten, i gong med å ruge egg. To nyklekte kyllingar fekk masse kos og omsorg frå SFO-borna. Tanken om å få behalde kyllingane på skulen vaks fram. Den gamle brakka som før blei brukt som sløydsal blei sett ut som potensiell heim for dei to. Ein pappa som er snikkar stilte på dugnad og gjorde sitt for å gjere dette mogleg. Han sette opp lettveggar som elevane kunne kle med hønsenetting. Elevar deltok med arbeidsoppgåver som passa for dei. «Hønsehuset» blei romsleg for to små, så det blei også avtalt ein adopsjon av to kyllingar frå barnehagen. I tillegg har vi fått nokre kaninar. Ungane står i kø for å få kose litt med dei. Kan hende vil ein kanin på fanget ei lita stund vere akkurat det som kan gi ein grå dag meir lys. 

Motivasjonen for å gjere ein riktig jobb med sortering av søppel er blitt større. No er nemleg matavfall noko som kan vere hønsemat. Med tida får vi kanskje egg tilbake. Desse kan brukast både av SFO og i mat og helse. Gjødsel til kjøkkenhagen vil vi også få. SFO har fått sitt eige hjørne i kjøkkenhagen. To prosjekt har blitt til eitt.

Med små og store bidrag frå elevar, tilsette og bygdefolk kan alle ved Byremo barneskule sjå fram til  eit nytt skuleår, med meir jord under neglene og endå fleire moglegheiter for læring og opplevingar av meistring, både i og utanfor klasserommet. Men aller først tek elevar og lærarar ein velfortent sommarferie!

GOD SOMMAR!

1. Ola Smedsland, Johan Lislevand, Olivia Stulien, Lykke Werdal, Maria Lovise Ledang og Adelen Hårtveit i startfasen av skolehageprosjektet..jpg
Ola Smedsland, Johan Lislevand, Olivia Stulien, Lykke Werdal, Maria Lovise Ledang og Adelen Hårtveit i startfasen av skolehageprosjektet. Foto: Britt Dalan
2. Ola Smedsland, Johan Lislevand, Meinardas Lazickas, Adelen Hårtveit, Endre Stedjan og Samuel Naglestad spar jord..jpg
Ola Smedsland, Johan Lislevand, Meinardas Lazickas, Adelen Hårtveit, Endre Stedjan og Samuel Naglestad spar jord. Foto: Britt Dalan
3. Endre Stedjan og Olivia Stulien setter opp stakittgjerde rundt kjøkkenhagen.jpg
Endre Stedjan og Olivia Stulien setter opp stakittgjerde rundt kjøkkenhagen. Foto: Britt Dalan
4. Ola Smedsland setter opp stakittgjerde..jpg
Ola Smedsland setter opp stakittgjerde. Foto Britt Dalan
5. Eskild Ågedal og Meinardas Lazickas snekrer hønsehus og kaninbur.jpg
Eskil Ågedal og Meinardas Lazickas snekrer hønsehus og kaninbur. Foto: Britt Dalan
Alvin og Rampen'.jpg
Kaninene Alvin og Rampen. Foto: Eli Kristin Tveiten 
Eli Kristin Tveiten og Britt Dalan og SFO-barn.jpg
Eli Kristin Tveiten, Britt Dalan og SFO-barn. Foto: Bodil Verdal
Kyllinger i kjøkkenhagen.jpg
Kyllinger i kjøkkenhagen. Foto: Eli Kristin Tveiten
Matheo Hårtveit.jpeg
Matheo Hårtveit med kyllingene. Foto: Eli Kristin Tveiten
Meidanas Lazickas sorterer matsøpla.jpg
Meidanas Lazickas sorterer matsøpla. Foto: Eli Kristin Tveiten
Olivia Juvastøl.jpg
Olivia Juvastøl med kyllinger. Foto: Eli Kristin Tveiten
Sandy Abdo og Lavin Hasko.jpg
Sandy Abdo og Lavin Hasko med kaninene. Foto: Eli Kristin Tveiten
Tilde Håland Haugen (1).jpg
Tilde Håland Haugen med kylling. Foto: Eli Kristin Tveiten

Sist endret: 26.06.2024

>