Tentamen- og eksamensinfo

Skriftleg eksamen

I tiande klasse skal alle elevar opp til skriftleg eksamen i norsk (bokmål & nynorsk), matematikk eller engelsk. Kven som skal opp i kva slags fag vert trukket. Eksamen er sentralgitt og vert vurdert av eksterne sensorar.

For meir info, sjå udir.no

Munnleg eksamen

Alle elevar i tiande klasse kjem opp i munnleg eksamen. Her er det skulen som både trekk kven som skal opp i kva slags fag og lagar eksamensoppgåvene. Som elev skal du lage ein ti minutts presentasjon om eit tema du trekk og gjere deg klar for ca. 20 minutts samtale med faglærar og eksaminator om faget. 

Vi har prøvemunnleg eksamen for å øve til munnleg eksamen i god tid før munnleg eksamen. 

For meir info, sjå udir.no

Tentamen

Haust og vår har alle elevar ved BUS tentamen i norsk, matematikk og engelsk. På tentamen har du gode moglegheitar til å vise kva du kan i faget. Karakteren får difor mykje å seie for semesterkarakteren eller standpunktkarakteren.

Tentamen varar heile dagen, men elevar i 9. og 10. trinn kan reise heim tidlegare dersom dei vert ferdige før skuleslutt.

Sist endret: 06.10.2020