Verdsdagen for psykisk helse

Tysdag 19.10 markerte vi Verdsdagen for psykisk helse på Byremo ungdomsskole. Vi hadde besøk av føredragshaldar Endre Drange-Sjøbodenlive Ojwang Thompsen og fikk servert god mat frå Grindheim bygdekvinnelag og Grindheim helselag .

Det var god stemning på Byremo ungdomsskole 19.10. Ein heil dag med fokus på psykisk helse gjer noko med skulemiljøet! Elevar og lærarar fekk høyre føredrag av mandalitten Endre Drange-Sjøbodenlive-Ojwang Thompsen frå Mandal. Han var ein kjent fotbalspelar og populær elevrådsleiar då han var ungdom. Som vaksen dreiv han puben i byen og vart t.d. kåra til årets mandalitt. Men bak fasaden sleit han med angst. 

Endre fortalte sin historie med både humor og alvor og traff elevar og lærarar med bodskapen sin. 

Resten av dagen vart fyld med forskjellege aktivitetar, spel og samtalar i klasseromma. Lunsjen vart servert av Grindheim bygdekvinnelag og Grindheim helselag .

Kan vi ikkje ansette dei til å lage lunsj kvar dag? var det ein av elevane som spurte om. 

Sjå Verdensdagen.no for meir info.

Bilete

brus-800x600.jpgIMG_20211019_100314008.jpgIMG_20211019_091738156.jpgendre drange-3-800x600.jpgbaguetter-800x600.jpg

Sist endret: 27.10.2021