Godt nytt år

Lyngdal kommune ønskjer godt nytt år til alle innbyggjarar, tilsette og besøkande.

Lyngdal kommune ønskjer godt nytt år til alle innbyggjarar, tilsette og besøkande.

Her på heimesida har me i tillegg eit nyttårsforsett for 2025. Det er å auke mengda nynorsk i artiklar og på informasjonssider. Det skal ikkje så mykje til, sidan nynorsk-bruken er temmeleg nær null i dag.

Lyngdal er ein språkleg nøytral kommune. Men den dominerande bruken av bokmål i den kommunale forvaltninga vitnar ikkje om det. Nå ønskjer me å gje meir rom også for nynorsken, som trass i alt ligg tettare opp til talemålet i det aller meste av kommunen vår enn det bokmål gjer. Så i tida som kjem vil du her på heimesida til kommunen også få informasjon skrive på nynorsk, når dette er meir naturleg enn å nytte bokmål. Dette er noko som frå einskilde hald er etterspurd, og som me frå og med 2025 ønskjer å imøtekome.

Via lenkene under kan du lese årets jolehelsingar frå ordførar Unni Nilsen Husøy, og kommunedirektør Kjell Olav Hæåk.

Lenke: Jolehelsing frå ordføraren

Lenke: Jolehelsing frå kommunedirektøren

Godt nytt år til dykk alle i 2025!

Les også:

Lenke: Fleirtal for nynorsk på Byremo

Vintermorgen over miljøgata
Magisk soloppgang over Lyngdal ein tidleg morgon i desember 2024. Med desse bileta ønskjer me dykk alle det beste for året som nå ligg føre oss.
Foto: Ole Åsmund Brattfjord, Lyngdal kommune

Vintermorgen over rådhuset med juletre

Sist endret: 07.01.2025